• Fersk vindtransportert snø • Frå ca 7-800 moh, frå søraustleg retning
Skredaktivitet
• 5. jan. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet
Vær
• Snø • -2 °C • 8 m/s fra SØ ↖ • 100% skyer • Oppholdvær og generelt mykje vind onsdag. Torsdag oppholdsvær første del av dagen, og snøbyger utpå ettermiddagen. Lettare vær igjen i løpet av kvelden. Vindstille første del av turen, men frå ca 800 moh gradvis aukande vind. På 1000 moh, enkelte kraftige vindkast med snøfokk.
Snødekke
• Lett snøfokk • 3 cm • Nysnøgrense på 0 moh. Snøgrense på 300 moh • Vindpakket myk • Tørr • Bra • Nok snø til skiføre frå ca 2-300 moh. På 500 moh ca 40 cm snødjupne. Av dette ein god såle på 35 cm med skare i toppen, og 5 cm laussnø oppå skaren. Gradvis aukande snødjupne oppover til 7-800 moh, fortsatt med skare og 5-10 cm laussnø oppå skaren. Vidare oppover varierande snøoverflate og snødjupne pga vind i fleire periodar, avblåste ryggar nedpå stein eller gammal skare. Ellers varierande med lett vindpåvirka snøoverflate, og parti som er avblåst ned på gammal fokksnø og skare. Enkelte definerte små heng med tydelege flakdanningar som gav oppsprekking rundt skia, og små utglidningar ved vendingar. Ubunden laussnø i skjerma formasjonar.
Tester
• ECTX • God • Ingen brudd. Øverste nysnøflaket som bryt på blokktest var såpass laust og usammenhengende at det ikkje gav brudd
• LBT@4cm(Q1) • Brudd ved lett klappig
• LBT@42cm(Q1) • Brudd ved middels belastning. Sjikt i fokksnøen.
Snøprofil
• N • Vedvarende svakt lag: under flak • 15 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Det overliggende laget er mykt. • Lett å løse ut • 2 - Middels • N, NØ, SV, V, NV over 800 moh • Lett å løyse ut i den sist innblåste snøen. Den eldre fokksnøen skal meir til å påvirke.
Skredfarevurdering
• Det er i den sist innblåste snøen det vil kunne være lett å løyse ut nysnøflak. Den eldre fokksnøen har stabilisert seg, og er vanskelegare å påvirke. Finn fortsatt restar av kantkorn i eit laust lag nederst mot bakken, men det er få stader der dette laget både kan påvirkast , og ligg på eit underlag som gir gliflate. • Mykje nedbør og vind frå i morgon fredag, vil gi auka skredfare medan været står på. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Utifrå observasjonen i dag mest aktuelt med flak som kan gi str 1 - små skred, pga begrensa storleik og tjukkelse på flakdanningar i detteområdet. I dei områda som fekk meir nysnø ved snøfallet nyttårsafta og dermed hadde meir laussnø tilgjengeleg for vindtransport, vil flakdanningar kunne være større og dermed også skred av str 2 som varsla.